Tid for oppdattering
For dokke som trufaste har venta på eit nytt innlegg vil eg herved meddele at no er tida komen for opptattering. For tida bur eg på Rønningen folkehøgskule, der eg går på linja Lyd & Bilde, men på same tida er eg også med på Ten Sing Norway. Vi har vore på turnear i båe England, Danmark og Noreg, og det har vore topp. Om nokre veker går turen til Island og Sveits, men før det skal vi ha tre fine veker her på Rønningen. Vi er nett komne tilbake frå ferie, men ein kan ikkje klage på det som venta oss her. Tretoppane er kvitare enn nokon gong, skiløypene trakka, og kakaoen måtte på kok. Medan Camilla og Tora spente på seg skia, pakka eg og Christina sekken og tusla ut i skogen. Vi fann oss ein fin plass(midt i løypa) for å nyte godsakene vi hadde teke med oss. Sjølvsagt var det eit par andre som «søkte skogens ro» og passerte no og då, men det gjorde ikkje noko. Det var berre ein perfekt avslutning på dagen – ein idyll som det skal mykje til å overgå!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home