Tida har gått så utruleg fort!
Det er ikkje lenge sidan eg skulle velje linje på VGS, og no er det slutt på skulearbeidet. Eg har gjort så utrulig mykje i løpet av dei tre siste åra, og spenninga og moroa tar snart overhand no. Det var ikkje eit spesielt vanskeleg val eg gjorde når eg takka ja til plassen på Ten Sing Norway, men det var framleis eit ganske stort val eg skulle gjere. Å takke ja til eit år på TSN er jo ei utfordring i seg sjølv. Ved å skrive under på leiarerklæringa seier ein jo ja til å vere ein del av KM sitt ungdomslandslag, og ein må vere sikker på at ein er klar for å score mål. Sjølvsagt er prosessen og utfordringane det viktigaste, men for at kabalen skal gå opp må det mykje mot og viljestyrke til!
Året på Ten Sing Norway byrja allereie i juni då alle møttes i Ulsteinvik på Sunnøre. BOLK sto nemleg for tur, og vi fekk fortalt at vi berre kunne gløyme alt av feriekjensler. Vi var alle klare for utfordringane, og for å få ein smakebit på korleis det å vere elev ved Høgskulen i Volda skulle bli. Ettersom vi alle var komne rett frå eksamensstress vart det nesten som å vere på sommarleir, og vi storkoste oss. Det var rett og slett ein perfekt start på ferien!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home